| HOME | EVENTS | PORTRAITS | INDUSTRIAL WORKERS | ABOUT ME | INFORMATION IN ENGLISH |

+47 954 53 041 | post@geirbirkeland.no

Om meg:

Er fødd 1. mars 1961 i Bergen, voks opp i Tyssedal og Odda, og flytta til Høyanger saman med familien min 1. mars 1972 og bur her framleis.

Eg kjøpte mitt første spegelreflekskamera tidleg i 1996, og interessa for fotografering begynte då. I november 1999 gjekk eg på min første fotografiske workshop med Morten Krogvold i Vågå.

Der begynte eg for alvor å oppdage kva faget fotografi innebar, fotograferinga mi blei meir og meir ein stor lidenskap, auka i omfang og tok ein ny retning, eg bygde meg også studio og mørkerom i heimen min.

Så langt har eg deltatt på ti workshop-ar med Morten Krogvold, fleire gonger på trinn 1, trinn 2, trinn 3 (på Vågå), og to tidagers workshop-ar på øya Procida i Italia, eg har også delteke på ein workshop med fotografen Jens Edgar Haugen.

Fotoprosjekt og utstilling:

- Fellesutstilling saman med fire andre fotografar frå Høyanger i Høyanger Samfunnshus 1. mars 2001.

- Utstilling saman med fotografen Arve Ullebø i Høyanger Samfunnshus 1. mai 2003, med prosjektet "Industriarbeidaren", eit prosjekt der vi portretterte rundt 700 arbeidarar frå Høyanger og der det kom rundt 1 000 besøkande på opningsdagen.

Link til NRK opptak frå "Industriarbeidaren", finn ein her:
www.geirbirkeland.no

- Fellesutstilling i Galleri Albin Upp i Oslo i mai 2011, der eg deltok med tre bilete.

- Fellesutstilling på Rådhusplassen i Førde juli 2014 med festivalfotografane frå Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, med bilete ifrå festivalen dei siste fem åra.

Presse:

Har levert pressebilete for fleire arrangørar, til dømes. Vossa Jazz, Førdefestivalen, Festspillene i Bergen, Sogn og Fjordane Teater, Menuhin Competition
2010 Oslo og mange, mange fleire.

Bileta mine har vore brukte i Sogn Avis, Ytre Sogn, Firdaposten, Firda, BT, VG, Dagbladet, brukt av NRK og TV2, og vore trykt i utanlandske media
som til dømes The Toronto Star i Canada og La Repubblica i iItalia.

Pågåande prosjekt:

Eg begynte på eit nytt fotoprosjekt i mai 2009 med arbeidstittel "Kulturformidlaren", og har teke rundt 50 000 bilete så langt til det prosjektet, som elles er eigenfinansiert, eg har delteke på tallause arrangement og teke scenebilete, og rundt 100 portrett.

Etter eit råd frå Jon Fosse, og etter å ha diskutert prosjektet med mine to "mentorar", fotografane Oddleiv Apneseth og Morten Krogvold, så har eg delt arbeidet opp i to separate prosjekt.

Prosjektet med scenebilete (konsertar, festivalar, opera, teater, dans mm.) har eg kalla "Eit sceneliv", portrettserien har eg kalla "Det generøse mennesket".

Målet er ei eiga separatutstilling på hausten/vinteren 2015 i eit kunstmuseum, sannsynlegvis ein stad på Vestlandet, og ei fotobokutgjevelse med bilete ifrå
begge prosjekta.

Det har så langt vore ei krevjande, lærerik og kostbar "reise", med mange fantastiske opplevingar og mange særs gjevandes møte med dei eg har portrettert.

Eg håpar du som les dette, vil glede deg over og få ein fin oppleving, gjennom å sjå bileta som eg har lagt ut her på heimesida mi.

Om det skulle være noko, kontakt meg gjerne på epost.

Last gjerne ned min CV her [Klikk her]